Det er alltid like moro. Vite at DET har eg lest ein stad.... Må berre finne ut kvar... Så er det til å leite gjennom bladbunken, bla gjennom dei aktuelle blada og bli meir og meir irritert. Men så er det no slik at det meste som er i blada er og på nettet, og det tok meg mindre tid til å finne den same artikkelen der enn det tok å gå til bladbunken i utgangspunktet.....
For midt i Marie Amelie-saka, så begynte eg å gruble litt over medmenneskelegheit og nestekjærleik. Og når ein begynner å gruble kjem mange andre element inn. Lever me i eit kaldt eller varmt samfunn? Skal me ta vare på dei som får eit kjent ansikt og som alle støtter opp om, eller den usynlege torturerte 17-åringen som vart sendt ut av landet utan at nokon gjekk i demonstrasjonstog. Det er nok mange statistikkar som fortel oss om dette, og mange forskarar som kan uttale seg om det. Så med mangel på slik kunnskap, berre gjer eg mine observasjonar og bruker min manglande kunnskap til å stille spørsmål ut frå det....
Om ein ser vekk frå utallige krigar, fiendskap pga land, mat, religion, makt, så er det framleis mange interessante hendingar å sjå på, og sikkert langt, langt meir enn me nokon gong får vite om i det heile. Men ei interessant sak, som eg syns vitnar om ei aning sinne, bitterheit, hevnlyst og maktgalskap, må vere rettssaka mot Pave Formosus i 897. Som kjent er det ei lang rekke med pavar som ein kan undre seg litt over. Ein del kjøpte seg til embetet, og mange av dei som ville bruke makta og posisjonen sin til det beste for kyrkja og folket hadde ein tendens til å døy temmeleg raskt etter at dei vart innsett. Mange vart t.d. forgifta. Og mange vart mislikt.Akkurat saka med denne paven var likevel litt spesiell. Rettssaka var, som nevnt i 897, men paven døydde i 896. Han var altså død då tiltalen mot han vart reist. Men han måtte nok møte i retten likevel.Å vere død er ikkje godkjent fråversgrunn, så dei grov han opp att, kledde han i overdådige klede, med krone og septer. Ein redd 18-åring skulle vere forsvarsadvokat, og anklagaren, Stefan som no var pave, stilte spørsmåla. Og overraskande nok: Han vart dømt, og avsatt som pave.Dei kappa av han tre fingre, drog han gjennom gatene og kasta han i elva. Pave Formosus var ein godt likt pave av mange, og gjorde mykje for fattige. Stefan vart raskt arrestert sjølv og drept, og den neste paven fekk Pave Formosus sitt lik attende og ga han ein verdig begravelse.
Kjelde: http://www.abcnyheter.no/node/48108
I år 80 inviterte keisaren til storstilt fest i Colosseum. Den store bygningen var endeleg ferdig, og han skulle innviast. Festen skulle vare i 100 dagar og underhaldninga var drap på dyr og menneske. 50.000 begeistra tilskodarar var vitne til at 1000 menneske og 9000 dyr vart drept. Skulle ein gladiator prøve å unngå døden ved å late som han var død, skar den planen seg då dei tok ein stor kjøttkrok inn i magen hans for å dra han ut av arenaen. Men kvinnesynet hadde dei no på plass heldigvis.... Dei sarte kvinnene skulle sitte øverst og lengst vekke frå det som skjedde på arenaen. Vel, det vil seie dei kvinnene som ikkje var kristne og som av den grunn vart drepne på arenaen nokre år seinare. Det sto heilt i stil med kvinnesynet dei hadde elles. I nord-Italia heldt etruskarane til før romerrike oppslukte dei og. Kvinnene deira vart kraftig kritisert av romerane då dei våga å drikke vin og ligge ved sidan av mannen sin ved bordet. Det måtte fortelje ganske mykje om korleis dei kvinnene var.... Dette var uhørt. Hjå romerane skulle det og vere kvinner ved borda, men aldri konene. Berre dei kvinnene som var betalt for det.
Så engasjementet som har vore den siste tida vil vel seie at me er komne langt sidan denne tida, eller?
Framhald kjem......
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar