Sider

mandag 27. desember 2010

Juletid

Så er jula snart over for i år og. Mange er allereie begynt i arbeid att, og snart er me inne i eit nytt år og attende til kvardagen. Sånn som i fjor. Julestresset, som fleire og fleire kjenner så hardt på at dei må få hjelp av psykolog, er over, men den tida som me skulle bygge opp til, som me stressa sånn for er snart over og. Eg håper  at dei få dagane vart ei fin tid og levde opp til forventningane for alle.

Denne jula hadde eg store planar om å bruke mykje tid på juleførebuingar. Bake, lage rullepølse, lage julepynt, spele og synge julesongar, kjøpe gåvene i god tid, og berre nyte tida. Det vart nok heilt ikkje slik i år heller. Me fekk baka litt, kosa oss ein del, men det meste vart gjort i siste liten og med ei aning meir kav enn det som var planlagt. Kan ikkje seie at me stressa, men då vart det no og slik at me heller ikkje fekk gjort alt me hadde tenkt.
Ei jente sa til meg ein gong at ho ikkje likte jula så godt, for då var alle så annleis. Alle måtte liksom vere så blide heile tida.

Fordelen med ein blogg, framfor ei oppgåve eller ein artikkel, er at ein kan skrive det ein trur og tenkjer om slik ein oppfattar verda, men då er det og det resultatet blir. Mi oppfatning av korleis det er. Og det kan vere heilt feil. Kanskje mange kjenner seg att, eller kanskje ingen gjer det. Og ut frå det eg ser og høyrer tenkjer eg at me vil kanskje meir og meir attende til tradisjonane. I større grad enn før, og juletida er kanskje den tida då det tradisjonelle framleis har det sterkaste rotfestet. Eg trur at i det livet me lever i dag, der arbeidstakar skal vere tilgjengeleg på telefon for arbeidsgjevar heile tida, der mangfaldet vert langt større enn før, der krav til utdanning er stort, krav til karriere, familie og ikkje minst materielle krav, gjev oss eit langt større behov for ritual og tradisjonar som gjev oss tryggleik og eit minne om røtene våre, rett og slett. Det er min teori. Men så kolliderer det med livet vårt elles. For tradisjonar betyr at det må vere slik det var då me var små, og kanskje det foreldra våre lærte av sine foreldre att. Tradisjonar som går attende til ei tid der kvardagen var annleis, ei tid der dei måtte sette av tid og rom til det. Og krava våre no vil vere å greie det minst like bra, men i vår kvardag må ein ikkje, og ein skal heller ikkje sette av tid og rom for det på same måten. Ein har andre krav ein må fylle i tillegg. Ein travel arbeidskvardag, bringing og henting av born i barnehagen og SFO, for oss som bur litt utanfor byen må det og bli fleire dagar til handleturar til næraste by, ungane skal vere med på ulike juleavslutningar på alt det dei er med på, løna skal rekke til alt dette, eksamenar skal gjennomførast, osv osv. Men krava er der like fullt, og stresset er eit faktum. Når sjølve jula då kjem så er det ei god oppleving, men det går så fort at plutseleg er det over. Når ein endeleg får tid til å faktisk nyte jula, så er det over før ein veit ordet av det.

Eg trur det er slik. Eg trur me har behov for tradisjonar og ritual. Eg trur det er difor mange søkjer til nyreligiøsitet, til ulike formar for meditasjon som no vert meir og meir vert fletta inn i, og oppfatta som trening i staden, og andre ting. Kanskje me treng litt meir plass i kvardagen vår til ritual, uavhengig om ein er ateist, kristen, muslim, buddhist eller har andre livssyn. Men kanskje me treng litt meir ro til det. Kanskje krava må endrast litt slik at me kan nyte juleførebuingane i staden for at det skal bli stress, og la julehøgtida bli det ho eigentleg handlar om. Ei roleg og fredeleg tid. Ei tid for ettertanke. Når mange treng psykologhjelp for å handtere det, så er me på feil veg. Kanskje det ikkje er så farleg at me ikkje greier å få gjort alt besteforeldra våre fekk til, men ta vare på dei tradisjonane som er viktige for oss, og gjere det beste ut av det ut frå den tida me lever i. Og finne tid i kvardagen til å ta vare på øyeblikk som ein elles gjerne planlegg at ein skal ha tid til....

Med ynskje om ei framleis god jul og eit godt nyttår!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar