Sider

lørdag 18. desember 2010

Kva i all verda?

Hva i all verden? er tittelen på ei bok ein lærar eg hadde på NLA skreiv. Då eg held meg til nynorsk valde eg å oversette tittelen og nytta han i denne bloggen. Og ja, eg har prøvd meg på blogg før. Ein blogg for RLE, og ein annan. Men her tenkte eg berre å skrive om alt mogeleg. Ingen særskilde tema, eigentleg. Litt sånn som tittelen seier. Boka "Hva i all verden?" gjev oss eit anna syn på noko me kanskje trudde me hadde ei formeining om. Om noko mange vil meine at vitenskapen har motbevist, og då noko kristendommen har tilpassa litt slik at han vert meir som poesi eller noko som er ei menneskeleg tolking og formidling av eit bodskap, meir i tråd med dei gamle historikarane som ikkje hadde det same kravet til kjelder, etterprøvbarheit osv i sine publikasjonar som dagens historikarar har. Ein kunne krydre det ganske mykje for at det skulle bli interessant å lese, og ikkje minst kan ein sette spørsmålsteikn ved nøytraliteten. Det er vinnarane som skriv historia, var det vel nokon som sa ein gong. Dei som vinn krigane, dei som har makt nok til å definere kven som har rett og kven som har feil, og kvar som er rett og kva som er løgn.

Men er det eigentleg så annleis no? Er alt så nøytralt som det bør vere? Eller kanskje det ikkje bør vere det? Kanskje me må innsjå at me ikkje greier å vere nøytrale og at det er betre at det då er ein aksept for at ikkje alt er nøytralt, for då ikkje berre veit me det, men me er medvitne om det når me tar til oss ny informasjon? Me er medvitne om at me uansett forstår samanhengen ut frå ein gitt kontekst. Dette syns sikkert mange er heilt sjølvsagt og opplagt, og overflødisk å skrive. Men mange gjer seg opp sterke meiningar på bakgrunn av informasjon som kanskje ikkje er nøytral, så sjølv om mange sikkert veit det, så går me i den same fella alle saman. Eksempel på det er alle dei som signerte ein underskriftskampanje mot vatn fordi nokon ga dei heilt sann informasjon,  m.a. at det er eit stoff som produsentane nyttar i mat, og dei la vel vekt på at det var barnemat, men dei la den sanne informasjonen fram på ein måte som forsøkspersonane oppfatta negativt. Dei nytta og eit namn som folk ikkje kjende til, så mange, PÅ TRASS AV faktisk og korrekt informasjon, skreiv under at dei ville forby dette stoffet. Altså vatn.

Vitenskapen kan og ta feil.... Ein forskar brukte tid og pengar på å finne ut at rømmeproduksjonen gjekk ned under krigen. Tal biltjuveri gjekk og ned på same tid. Dei såg ein klar samanheng her og fann ut at det var eit stoff i rømma som gjorde at folk stal bilar. Heldigvis var det nokre kloke hovud som forsto at det kanskje var andre ting som hadde større innverknad på tal biltjuveri under krigen, så etter det eg veit vart rømma frikjend raskt. Og her er det mange eksempel å ta av.... Ei anna oppfatning, dog kanskje ikkje i vitenskapen, har vore at intervallen forstørra kvart, eller forminska kvint i musikkens verd, var djevelens intervall. Det måtte difor bli forbode, noko det vart, saman med fleire skalaer.

For nokre dagar sidan såg eg eit program på NRK der dei gjorde eit vitenskapeleg forsøk på menneske og lydigheit. Dei laga til eit tv-program der dei kunne vinne 1 000 000 euro om dei heldt ut. Ein skulle sitte inne i ein boks og svare på 27 spørsmål. Om han svara feil, så fekk han eit elektrisk støt, og det vart verre og verre for kvar gong. Forsøkspersonen, som trudde han eller ho var med i eit reelt program, skulle stille spørsmpla og gje den andre personen støt om han svara feil. Forsøket har vore gjort for mange år sidan, og no skulle dei prøve det på nytt. Dei skulle sjå kor langt menneske ville gå. Eg hugsar ikkje resultatet, men er ganske sikker på at over 80% gjekk heile vegen. Dei ga han i boksen dødeleg støt. Han var sjølvsagt ein skodespelar og sat ikkje i stolen, men det visste ikkje deltakarane. Programleiaren forsikra deltakarane om at dei tok alt ansvaret og at han ikkje vart livsvarig skadd. Deltakarane fekk høyre kor vondt han hadde det og at han ba om å bli sleppt fri. Til slutt var det heilt stille. Det fleste valde likevel å halde fram..... Dei trudde dei tok eigne og sjølvstendige val, men det var lydigheit mot autoriteten som slo ut, konkluderte forskarane med.

Eg går i allefall sjølv i denne fella på nytt og på nytt. Lagar meg eit bilete av verda som eg trur sjølv er eit reflektert bilete ut frå eigne fornuftige val. Sjølvsagt medviten om innverknad frå ulike kantar, men likevel som eit sjølvstendig og medvite menneske, fullt i stand til å ta frie val. Men stadig skjer det noko med dette biletet, og etablerte sanningar som eg tenkte var basert på kloke vurderingar, trur eg sjølv, er ikkje sanningar likevel. Særleg i det siste har eg oppdaga det. Dei klare definisjonane av ulike ting passar ikkje lenger når det er menneske eg kjenner som havnar under dei. Skjemaet mitt må endrast, ville Piaget ha sagt, trur eg. Og eg som trudde at eg var så flink til det... Å endre skjema... Å sjå forbi fordommane eg veit at eg og har.... Å unngå fellene.....

Hva i all verden? handlar om skapinga. Og Jan Rantrud gjev i denne boka eit nytt syn på dette. Eller kanskje eigenteleg ei fornying av eit gammalt syn. Verda har endra seg. Me er blitt så kloke og kan så mykje. Veit så mykje meir no enn før. Har så mykje kunnskap at det kanskje gjer oss litt blinde i staden.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar