Det er alltid like moro. Vite at DET har eg lest ein stad.... Må berre finne ut kvar... Så er det til å leite gjennom bladbunken, bla gjennom dei aktuelle blada og bli meir og meir irritert. Men så er det no slik at det meste som er i blada er og på nettet, og det tok meg mindre tid til å finne den same artikkelen der enn det tok å gå til bladbunken i utgangspunktet.....
For midt i Marie Amelie-saka, så begynte eg å gruble litt over medmenneskelegheit og nestekjærleik. Og når ein begynner å gruble kjem mange andre element inn. Lever me i eit kaldt eller varmt samfunn? Skal me ta vare på dei som får eit kjent ansikt og som alle støtter opp om, eller den usynlege torturerte 17-åringen som vart sendt ut av landet utan at nokon gjekk i demonstrasjonstog. Det er nok mange statistikkar som fortel oss om dette, og mange forskarar som kan uttale seg om det. Så med mangel på slik kunnskap, berre gjer eg mine observasjonar og bruker min manglande kunnskap til å stille spørsmål ut frå det....
Om ein ser vekk frå utallige krigar, fiendskap pga land, mat, religion, makt, så er det framleis mange interessante hendingar å sjå på, og sikkert langt, langt meir enn me nokon gong får vite om i det heile. Men ei interessant sak, som eg syns vitnar om ei aning sinne, bitterheit, hevnlyst og maktgalskap, må vere rettssaka mot Pave Formosus i 897. Som kjent er det ei lang rekke med pavar som ein kan undre seg litt over. Ein del kjøpte seg til embetet, og mange av dei som ville bruke makta og posisjonen sin til det beste for kyrkja og folket hadde ein tendens til å døy temmeleg raskt etter at dei vart innsett. Mange vart t.d. forgifta. Og mange vart mislikt.Akkurat saka med denne paven var likevel litt spesiell. Rettssaka var, som nevnt i 897, men paven døydde i 896. Han var altså død då tiltalen mot han vart reist. Men han måtte nok møte i retten likevel.Å vere død er ikkje godkjent fråversgrunn, så dei grov han opp att, kledde han i overdådige klede, med krone og septer. Ein redd 18-åring skulle vere forsvarsadvokat, og anklagaren, Stefan som no var pave, stilte spørsmåla. Og overraskande nok: Han vart dømt, og avsatt som pave.Dei kappa av han tre fingre, drog han gjennom gatene og kasta han i elva. Pave Formosus var ein godt likt pave av mange, og gjorde mykje for fattige. Stefan vart raskt arrestert sjølv og drept, og den neste paven fekk Pave Formosus sitt lik attende og ga han ein verdig begravelse.
Kjelde: http://www.abcnyheter.no/node/48108
I år 80 inviterte keisaren til storstilt fest i Colosseum. Den store bygningen var endeleg ferdig, og han skulle innviast. Festen skulle vare i 100 dagar og underhaldninga var drap på dyr og menneske. 50.000 begeistra tilskodarar var vitne til at 1000 menneske og 9000 dyr vart drept. Skulle ein gladiator prøve å unngå døden ved å late som han var død, skar den planen seg då dei tok ein stor kjøttkrok inn i magen hans for å dra han ut av arenaen. Men kvinnesynet hadde dei no på plass heldigvis.... Dei sarte kvinnene skulle sitte øverst og lengst vekke frå det som skjedde på arenaen. Vel, det vil seie dei kvinnene som ikkje var kristne og som av den grunn vart drepne på arenaen nokre år seinare. Det sto heilt i stil med kvinnesynet dei hadde elles. I nord-Italia heldt etruskarane til før romerrike oppslukte dei og. Kvinnene deira vart kraftig kritisert av romerane då dei våga å drikke vin og ligge ved sidan av mannen sin ved bordet. Det måtte fortelje ganske mykje om korleis dei kvinnene var.... Dette var uhørt. Hjå romerane skulle det og vere kvinner ved borda, men aldri konene. Berre dei kvinnene som var betalt for det.
Så engasjementet som har vore den siste tida vil vel seie at me er komne langt sidan denne tida, eller?
Framhald kjem......
Kva i all verda?
onsdag 19. januar 2011
mandag 27. desember 2010
Juletid
Så er jula snart over for i år og. Mange er allereie begynt i arbeid att, og snart er me inne i eit nytt år og attende til kvardagen. Sånn som i fjor. Julestresset, som fleire og fleire kjenner så hardt på at dei må få hjelp av psykolog, er over, men den tida som me skulle bygge opp til, som me stressa sånn for er snart over og. Eg håper at dei få dagane vart ei fin tid og levde opp til forventningane for alle.
Denne jula hadde eg store planar om å bruke mykje tid på juleførebuingar. Bake, lage rullepølse, lage julepynt, spele og synge julesongar, kjøpe gåvene i god tid, og berre nyte tida. Det vart nok heilt ikkje slik i år heller. Me fekk baka litt, kosa oss ein del, men det meste vart gjort i siste liten og med ei aning meir kav enn det som var planlagt. Kan ikkje seie at me stressa, men då vart det no og slik at me heller ikkje fekk gjort alt me hadde tenkt.
Ei jente sa til meg ein gong at ho ikkje likte jula så godt, for då var alle så annleis. Alle måtte liksom vere så blide heile tida.
Fordelen med ein blogg, framfor ei oppgåve eller ein artikkel, er at ein kan skrive det ein trur og tenkjer om slik ein oppfattar verda, men då er det og det resultatet blir. Mi oppfatning av korleis det er. Og det kan vere heilt feil. Kanskje mange kjenner seg att, eller kanskje ingen gjer det. Og ut frå det eg ser og høyrer tenkjer eg at me vil kanskje meir og meir attende til tradisjonane. I større grad enn før, og juletida er kanskje den tida då det tradisjonelle framleis har det sterkaste rotfestet. Eg trur at i det livet me lever i dag, der arbeidstakar skal vere tilgjengeleg på telefon for arbeidsgjevar heile tida, der mangfaldet vert langt større enn før, der krav til utdanning er stort, krav til karriere, familie og ikkje minst materielle krav, gjev oss eit langt større behov for ritual og tradisjonar som gjev oss tryggleik og eit minne om røtene våre, rett og slett. Det er min teori. Men så kolliderer det med livet vårt elles. For tradisjonar betyr at det må vere slik det var då me var små, og kanskje det foreldra våre lærte av sine foreldre att. Tradisjonar som går attende til ei tid der kvardagen var annleis, ei tid der dei måtte sette av tid og rom til det. Og krava våre no vil vere å greie det minst like bra, men i vår kvardag må ein ikkje, og ein skal heller ikkje sette av tid og rom for det på same måten. Ein har andre krav ein må fylle i tillegg. Ein travel arbeidskvardag, bringing og henting av born i barnehagen og SFO, for oss som bur litt utanfor byen må det og bli fleire dagar til handleturar til næraste by, ungane skal vere med på ulike juleavslutningar på alt det dei er med på, løna skal rekke til alt dette, eksamenar skal gjennomførast, osv osv. Men krava er der like fullt, og stresset er eit faktum. Når sjølve jula då kjem så er det ei god oppleving, men det går så fort at plutseleg er det over. Når ein endeleg får tid til å faktisk nyte jula, så er det over før ein veit ordet av det.
Eg trur det er slik. Eg trur me har behov for tradisjonar og ritual. Eg trur det er difor mange søkjer til nyreligiøsitet, til ulike formar for meditasjon som no vert meir og meir vert fletta inn i, og oppfatta som trening i staden, og andre ting. Kanskje me treng litt meir plass i kvardagen vår til ritual, uavhengig om ein er ateist, kristen, muslim, buddhist eller har andre livssyn. Men kanskje me treng litt meir ro til det. Kanskje krava må endrast litt slik at me kan nyte juleførebuingane i staden for at det skal bli stress, og la julehøgtida bli det ho eigentleg handlar om. Ei roleg og fredeleg tid. Ei tid for ettertanke. Når mange treng psykologhjelp for å handtere det, så er me på feil veg. Kanskje det ikkje er så farleg at me ikkje greier å få gjort alt besteforeldra våre fekk til, men ta vare på dei tradisjonane som er viktige for oss, og gjere det beste ut av det ut frå den tida me lever i. Og finne tid i kvardagen til å ta vare på øyeblikk som ein elles gjerne planlegg at ein skal ha tid til....
Med ynskje om ei framleis god jul og eit godt nyttår!

søndag 19. desember 2010
Kattepine
Ikkje alt som vert skrive i denne bloggen har ei djupare meining. Slik må det bli, tenkjer eg. Av og til kan det og kanskje vere like greitt. Og ein vel jo sjølv om ein vil bruke tida på å lese det eller ikkje.....
I dag vakna eg av at noko gjekk til angrep på foten min. Rett etterpå kom ein katt springane i full fart over dyna, og det som først angreip meg, som då viste seg å vere den største katten, fann eit nytt mål. Og der vart det eit skikkeleg katteslagsmål oppå dyna mi, og ein litt annleis, men særdeles effektiv, måte å vakne opp til ein ny dag på. Snart vart dei sendt ut av rommet, og ei stund etter skulle eg gå ned trappa, bærande på datamaskin og Iphone. Då eg skulle ta det siste steget ned på golvet sprang den minste katten under foten, og eit treff var umogeleg å unngå. Eit skrik runga i rommet, eg greidde akkurat å vri foten litt til side så ikkje heile tyngda kom på den vesle katten, men heller kom på ein vridd fot i staden. I sideblikket kunne eg skimte fartsstripene av den vesle katten i det han flaug opp trappa og opp på loftet. Sjølv kjende eg berre smerten fly gjennom kroppen, og hovudfokuset låg på å komme seg inn på næraste sofa. Iphonen og datamaskina greidde eg å berge, så snart vart det tatt ein telefon til ektemannen som var på julegåveutveksling med svigerfamilien min. "Eg trur eg har drept katten" sa eg, men modererte det ganske kjapt. Visste ikkje heilt om eg skulle tore å velge den vinklinga då eg visste han hadde lite straum på mobilen og i tillegg hadde gløymt ladaren att her. Hadde vore litt kjedeleg om det einaste han høyrde var: "Eg trur eg har drept katten" og så hadde han gått tom for straum.
No er det mange år sidan eg slutta å vekse oppover, men det er vel ein viss fare for at det ikkje er heilt slutt på veksten utover, noko som og gjer utslag på både fot og katt som vert truffe av ei då viss tyngde, kanskje. Me heldigvis gjekk det bra med pusen som no for fullt jaktar på dei to store kattane, som ikkje alltid deler den same energien og interessa for det. Det ser ut som om episoden er gløymt allereie og at han lever eit sorglaust liv, i sin iver på å sloss med dei store og jakte på leikemusa som han har fått, og som han akkurat no kastar oppi kofferten, sender under bordet, eller kastar opp i lufta.
Foten er det verre med. Ein del rydding og vasking står for tur, men etter eit par turar på kjøkkenet er sofaen framleis det beste alternativet for foten. Planen er å dra med seg ein stol rundt der det skal vaskast, og satse på at det kan fungere.
Jaja. Det er førjulstid, tid for hygge og kos, og tid for førebuing og forventning. Tid for nærleik og varme, for dei store og små, for dei med vond fot, vond rygg, og alle andre kroppseleg plager ein måtte ha. For dei med lengsel og sorg, for dei glade og trygge. For dei einsame og for dei som er heldige og har mange rundt seg. Det er ingen tvil om at jula gjer noko med oss uansett. Folk vert ekstra gåvmilde, noko ein bekjent fekk oppleve i byen. Han gjekk inn for å kjøpe seg ein kopp kaffi og ville ta han med seg ut for å kombinere nytelsen av kaffien og synet av den flotte byen i den travle førjulstida. Medan han sto der kom ein som var fylt av julestemning, nestekjærleik og gjevarglede, og kasta ein 20-kronar opp i kaffien hans.
Må denne tida bli ei gjevande tid for alle på ein eller annan måte. Ei tid der folk våger å møte og utfordre sine eigne fordommar i møte med vener, uvener, kjente og ukjente. Kanskje det er betre å kaste ein 20-kronar oppi ein kaffikopp enn å aldri hive ein 20-kronar oppi ein kopp i det heile....

lørdag 18. desember 2010
Kva i all verda?
Hva i all verden? er tittelen på ei bok ein lærar eg hadde på NLA skreiv. Då eg held meg til nynorsk valde eg å oversette tittelen og nytta han i denne bloggen. Og ja, eg har prøvd meg på blogg før. Ein blogg for RLE, og ein annan. Men her tenkte eg berre å skrive om alt mogeleg. Ingen særskilde tema, eigentleg. Litt sånn som tittelen seier. Boka "Hva i all verden?" gjev oss eit anna syn på noko me kanskje trudde me hadde ei formeining om. Om noko mange vil meine at vitenskapen har motbevist, og då noko kristendommen har tilpassa litt slik at han vert meir som poesi eller noko som er ei menneskeleg tolking og formidling av eit bodskap, meir i tråd med dei gamle historikarane som ikkje hadde det same kravet til kjelder, etterprøvbarheit osv i sine publikasjonar som dagens historikarar har. Ein kunne krydre det ganske mykje for at det skulle bli interessant å lese, og ikkje minst kan ein sette spørsmålsteikn ved nøytraliteten. Det er vinnarane som skriv historia, var det vel nokon som sa ein gong. Dei som vinn krigane, dei som har makt nok til å definere kven som har rett og kven som har feil, og kvar som er rett og kva som er løgn.
Men er det eigentleg så annleis no? Er alt så nøytralt som det bør vere? Eller kanskje det ikkje bør vere det? Kanskje me må innsjå at me ikkje greier å vere nøytrale og at det er betre at det då er ein aksept for at ikkje alt er nøytralt, for då ikkje berre veit me det, men me er medvitne om det når me tar til oss ny informasjon? Me er medvitne om at me uansett forstår samanhengen ut frå ein gitt kontekst. Dette syns sikkert mange er heilt sjølvsagt og opplagt, og overflødisk å skrive. Men mange gjer seg opp sterke meiningar på bakgrunn av informasjon som kanskje ikkje er nøytral, så sjølv om mange sikkert veit det, så går me i den same fella alle saman. Eksempel på det er alle dei som signerte ein underskriftskampanje mot vatn fordi nokon ga dei heilt sann informasjon, m.a. at det er eit stoff som produsentane nyttar i mat, og dei la vel vekt på at det var barnemat, men dei la den sanne informasjonen fram på ein måte som forsøkspersonane oppfatta negativt. Dei nytta og eit namn som folk ikkje kjende til, så mange, PÅ TRASS AV faktisk og korrekt informasjon, skreiv under at dei ville forby dette stoffet. Altså vatn.
Vitenskapen kan og ta feil.... Ein forskar brukte tid og pengar på å finne ut at rømmeproduksjonen gjekk ned under krigen. Tal biltjuveri gjekk og ned på same tid. Dei såg ein klar samanheng her og fann ut at det var eit stoff i rømma som gjorde at folk stal bilar. Heldigvis var det nokre kloke hovud som forsto at det kanskje var andre ting som hadde større innverknad på tal biltjuveri under krigen, så etter det eg veit vart rømma frikjend raskt. Og her er det mange eksempel å ta av.... Ei anna oppfatning, dog kanskje ikkje i vitenskapen, har vore at intervallen forstørra kvart, eller forminska kvint i musikkens verd, var djevelens intervall. Det måtte difor bli forbode, noko det vart, saman med fleire skalaer.
For nokre dagar sidan såg eg eit program på NRK der dei gjorde eit vitenskapeleg forsøk på menneske og lydigheit. Dei laga til eit tv-program der dei kunne vinne 1 000 000 euro om dei heldt ut. Ein skulle sitte inne i ein boks og svare på 27 spørsmål. Om han svara feil, så fekk han eit elektrisk støt, og det vart verre og verre for kvar gong. Forsøkspersonen, som trudde han eller ho var med i eit reelt program, skulle stille spørsmpla og gje den andre personen støt om han svara feil. Forsøket har vore gjort for mange år sidan, og no skulle dei prøve det på nytt. Dei skulle sjå kor langt menneske ville gå. Eg hugsar ikkje resultatet, men er ganske sikker på at over 80% gjekk heile vegen. Dei ga han i boksen dødeleg støt. Han var sjølvsagt ein skodespelar og sat ikkje i stolen, men det visste ikkje deltakarane. Programleiaren forsikra deltakarane om at dei tok alt ansvaret og at han ikkje vart livsvarig skadd. Deltakarane fekk høyre kor vondt han hadde det og at han ba om å bli sleppt fri. Til slutt var det heilt stille. Det fleste valde likevel å halde fram..... Dei trudde dei tok eigne og sjølvstendige val, men det var lydigheit mot autoriteten som slo ut, konkluderte forskarane med.
Eg går i allefall sjølv i denne fella på nytt og på nytt. Lagar meg eit bilete av verda som eg trur sjølv er eit reflektert bilete ut frå eigne fornuftige val. Sjølvsagt medviten om innverknad frå ulike kantar, men likevel som eit sjølvstendig og medvite menneske, fullt i stand til å ta frie val. Men stadig skjer det noko med dette biletet, og etablerte sanningar som eg tenkte var basert på kloke vurderingar, trur eg sjølv, er ikkje sanningar likevel. Særleg i det siste har eg oppdaga det. Dei klare definisjonane av ulike ting passar ikkje lenger når det er menneske eg kjenner som havnar under dei. Skjemaet mitt må endrast, ville Piaget ha sagt, trur eg. Og eg som trudde at eg var så flink til det... Å endre skjema... Å sjå forbi fordommane eg veit at eg og har.... Å unngå fellene.....
Hva i all verden? handlar om skapinga. Og Jan Rantrud gjev i denne boka eit nytt syn på dette. Eller kanskje eigenteleg ei fornying av eit gammalt syn. Verda har endra seg. Me er blitt så kloke og kan så mykje. Veit så mykje meir no enn før. Har så mykje kunnskap at det kanskje gjer oss litt blinde i staden.....

Abonner på:
Innlegg (Atom)